Makspris for heil barnehageplass er kr 3 000 frå 1.1.2023.
Kostpengar kjem i tillegg.
Betaling i barnehagane pr. månad:
Opningstid | Foreldrebetaling | Matpengar |
---|---|---|
100 % plass | 3 000 | 340 |
80 % plass | 2 790 | 320 |
60 % plass | 2 190 | 250 |
Foreldre betalar for 11 månader i året, 4,5 månader i hausthalvåret og 6,5 månader i vårhalvåret. Betalinga skjer på forskot den 15. i kvar månad, første gong 15. august.
Ingen hushald skal betale meir enn 6 % av inntekta for ein barnehageplass. Meir om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.
Søskenmoderasjon
Dersom du har fleire enn eitt barn i barnehage, får du reduksjon i foreldrebetalinga. Retten til søskenmoderasjon gjeld også om barna går i forskjellige barnehagar.
Barn 1: full pris
Barn 2: 30% moderasjon for barn nr. 2
Barn 3 og fleire: 50% moderasjon for barn nr. 3 og fleire