Makspris for heil barnehageplass er kr 3 230 frå 1.1.2021.
Kostpengar kjem i tillegg. 

Betaling i barnehagane pr. månad:

Prisar 2021
Opningstid Foreldrebetaling  Matpengar 
100 % plass 3 230 330 
 80 % plass 3 005 305
 60 % plass 2 360 240

Foreldre betalar for 11 månader i året, 4,5 månader i hausthalvåret og 6,5 månader i vårhalvåret. Betalinga skjer på forskot den 15. i kvar månad, første gong 15. august. 

Ingen hushald skal betale meir enn 6 % av inntekta for ein barnehageplass. Frå 1.1.2021 vil hushald med inntekt under kr 592 167 ha rett til redusert foreldrebetaling. Meir om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Søskenmoderasjon

Dersom du har fleire enn eitt barn i barnehage, får du reduksjon i foreldrebetalinga. Retten til søskenmoderasjon gjeld også om barna går i forskjellige barnehagar. 

Barn 1: full pris
Barn 2: 30% moderasjon for barn nr. 2
Barn 3 og fleire: 50% moderasjon for barn nr. 3 og fleire