Søknadsskjema:
Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid - søknad

 

Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen

Alle 2 - 5-åringar (og barn med utsett skulestart) som bur i husstandar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. No gjeld dette for husstandar som har ei samla inntekt som er lågare enn 566 100 kroner. Frå 1. august 2021 vert grensa 583 650 kroner.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga samtidig.


Dokumentasjon og søknadsprosess

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

Dokumentasjon på inntekt
Inntekta til hushaldet må dokumenterast. Dette gjer du ved å leggja ved kopi av siste års skattemelding (sjølvmelding/"selvangivelse"). For å søkja reduksjon i foreldrebetaling for barnehageåret 2021-22 må du venta med å søkja til du har motteke skattemelding for 2020 i april.

Dersom inntekta har endra seg vesentleg frå det som kjem fram av skattemeldinga (t.d. endring I hushaldet, arbeidsløyse o.l), må du leggja ved anna relevant dokumentasjon som t.d. studentbevis, lønsslippar frå arbeidsgjevar eller vedtak frå NAV.

Feilaktige eller manglande opplysningar kan medføra full pris.
 

Du må søkja innan 15. juni for at ordninga skal gjelda frå barnehagestart.
Dersom du søkjer utanom fristen vil søknaden gjelda fra måneden etter at me har motteke fullstendig søknad.

Meir informasjon om foreldrebetaling og moderasjonsordningar kan du finna på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.